1. Domsord mot Damaskus. Sjå, no er det ute ¬med Damaskus!Byen skal verta ein grushaug.
2. Byane kring Aroer ¬skal verta folketome;buskapar skal liggja ¬og kvila der,og ingen skal skræma dei.
3. Efraim skal missa si faste borgog Damaskus sitt kongedøme.Det som er att av Aram,skal ikkje ha større ære ¬enn Israel,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.
4. Den dagen vert det smått ¬med Jakobs herlegdom,hans gode hold tærest bort.
5. Det går som når skurdfolketsamlar aksa med armenog skjer dei av;det er som når ein sankar aksnede i Refa’im-dalen.
6. Berre ein etterhaust vert att,som når ein slår ned oliven:to – tre frukter øvst i treetog fire – fem på greinene,lyder ordet frå Herren, ¬Israels Gud.
7. Den dagen skal mennesketsjå opp til sin skapar,og retta augo ¬mot Israels Heilage.
8. Dei skal ikkje venda seg ¬til dei altarsom deira hender har gjort,eller sjå på det ¬deira fingrar har laga,Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara.
9. Den dagen skal ¬deira festningsbyarliggja så aude som dei staderhevittane og amorittane ¬drog bort ifrådå israelittane kom,og landet skal vera ¬ei øydemark.
10. For du har gløymt Gud, ¬din frelsar,berget, ditt vern, ¬har du ikkje kome i hug.Difor kan du planta ¬den finaste hageog setja framande vintre i han.