1. Domsord mot Moab. Å, på ei natt ¬vart Ar-Moab herjaog gjekk til grunne.Ja, på ei natt ¬vart Kir-Moab herjaog gjekk til grunne.
2. Folket i Dibon ¬går opp til templet,til offerhaugane og vil gråta.Moabittane held klagefordi Nebo og Medeba er tapte.Kvart hovud er snauklypt,alt skjegg er avraka.
3. I gatene går dei ¬med syrgjeplagg,på tak og torg jamrar dei alle,medan tårene renn.
4. Folket i Hesjbon ¬og El’ale klagar,heilt til Jahas høyrest deira rop.Difor jamrar Moabs krigsmenn,dei skjelv og misser motet.
5. Mitt hjarta klagar over Moab.Dei som rømer der, ¬kjem til Soarog til Eglat-Sjelisjia.Ja, oppetter bakken til Luhitgår folk og græt.På vegen til Horonajimklagar dei høgt ¬over samanbrotet.
6. For Nimrim-vatnet ¬vert ei øydemark;gras og groe turkar bort,det er ikkje meir noko grønt.
7. Difor tek dei det som er attav det dei har samla,og fører det over Seljebekken.