Jesaja 15:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Domsord mot Moab. Å, på ei natt ¬vart Ar-Moab herjaog gjekk til grunne.Ja, på ei natt ¬vart Kir-Moab herjaog gjekk til grunne.

2. Folket i Dibon ¬går opp til templet,til offerhaugane og vil gråta.Moabittane held klagefordi Nebo og Medeba er tapte.Kvart hovud er snauklypt,alt skjegg er avraka.

3. I gatene går dei ¬med syrgjeplagg,på tak og torg jamrar dei alle,medan tårene renn.

4. Folket i Hesjbon ¬og El’ale klagar,heilt til Jahas høyrest deira rop.Difor jamrar Moabs krigsmenn,dei skjelv og misser motet.

Jesaja 15