2. Folkeslag skal ta dei og føra dei heim, og så skal Israels ætt i Herrens land gjera andre folk til sin eigedom, til trælar og trælkvinner. Dei som heldt dei i fangenskap, skal verta deira fangar, og dei skal rå over dei harde herrane sine.
3. Den dagen Herren lèt deg kvila frå ditt strev og di uro og frå det harde trælearbeidet som vart lagt på deg,
4. då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen: Sjå, no er det ute ¬med valdsherren,no er det slutt ¬på hans ville framferd!
5. Herren har brote sund staven ¬åt dei gudlause,styrarstaven åt tyrannane,
6. som råka folkeslag i harmeog aldri heldt opp med å slå,som tvinga folket under seg ¬i vreideog forfylgde dei utan miskunn.