Jesaja 14:12-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Kor du er fallen frå himmelen,du strålande morgonstjerne,du son åt morgonroden!Kor du er slengd til jorda,du som la under deg folkeslag!

13. Det var du som tenkte ¬med deg:«Til himmelen vil eg stiga opp;høgt over Guds stjernerreiser eg min kongsstol.Eg tek sete på tingfjellet ¬lengst i nord.

14. Eg vil stiga opp ¬over dei høge skyerog gjera meg lik Den Høgste.»

15. Nei, til dødsriket ¬er du nedstøytt,lengst ned i den djupe hola.

16. Dei som ser deg, stirer på deg,undrast og seier:«Er dette den mannen ¬som skok jordaog fekk kongerike til å skjelva,

17. han som gjorde verda ¬til ei øydemark,la byar i grusog aldri lét fangar ¬få fara heim?»

18. Alle kongane over folka kvilermed ære, kvar i sitt hus.

19. Men du ligg bortslengd ¬og har inga grav,du er som ein vanvørd kvist.Du er overbreidd ¬av drepne menn,som er gjennombora med sverdog kasta ned i ei steingrav,som eit nedtrakka åtsel.

20. Du får ikkje koma i grav ¬med andre,for landet ditt har du øydt,og folket ditt har du drepe.Dei som er ætta ¬frå ugjerningsmenn,skal aldri nemnast meir.

21. Gjer slaktebenken ferdig ¬til sønene hansfor den misgjerning ¬deira fedrar har gjort!Dei skal ikkje stå opp ¬og ta jorda i eigeog grunnleggja byar ¬kringom i verda.

22. Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren.

23. Eg gjer Babel til ein heim for hegrar og til eit myrlende. Eg sopar det bort med ein kost som øydelegg alt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Jesaja 14