18. Med boge feller dei ¬unge menn,dei sparer ikkje fosteret ¬i mors livog har ikkje medkjensle ¬med born.
19. Med Babel, ¬krona mellom kongerike,den stolte kaldear-prydnaden,skal det gå som då Gudla Sodoma og Gomorra i øyde.
20. Aldri meir skal byen byggjast,frå ætt til ætt skal ingen bu der.Der skal ingen beduin ¬slå opp sitt teltog ingen gjætar la dyra kvila.
21. Men ørkendyr skal liggja derog husa fyllast av ugler.Der skal strutsar halda tilog raggetroll hoppa ikring.
22. Ville hundar skal yla i borgeneog sjakalar i vellyst-slotta.No stundar byens time til,han har ikkje mange dagar att.