12. Eg gjer folk meir sjeldne ¬enn reint gull,menneske meir sjeldne ¬enn gull frå Ofir.
13. Difor skjek eg himmelen,og jorda skjelv ¬så ho kjem av lage,fordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harmden dagen vreiden hans brenn.
14. Liksom skræmde gasellar,lik sauer som ingen samlar,skal dei venda seg, ¬kvar til sitt folk,og røma, kvar til sitt land.
15. Den som vert funnen, ¬skal gjennomstingast,og den som vert gripen, ¬skal falla for sverd.
16. Småborna deira skal knusastbeint framfor augo på dei;husa deira skal plyndrastog kvinnene takast med vald.
17. Sjå, eg eggjar medarane ¬mot dei,eit folk som ikkje bryr seg ¬om sølvog ikkje trår etter gull.