1. Domsord mot Babel, som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn:
2. Reis samlingsmerket ¬på snaue fjellet,og rop til folket med høg røyst!Veifta med handa ¬at dei kan dra inngjennom portane ¬åt dei gjæve menn!
3. Eg har kalla inn ¬mine vigsla menn,har samla mine stolte, ¬jublande stridsmenn,som skal tena meg ¬i min vreide.
4. Høyr ståket bortover fjellasom av ein veldig hop!Høyr larmen av kongerike,av folkeslag som samlar seg!Det er Herren, Allhærs Gud,som mønstrar sin hær.
5. Dei kjem frå eit land ¬langt borte,frå den ytste himmelrand,Herren og dei folk ¬han vil brukanår han i sin harmelegg heile jorda i øyde.