Jesaja 10:8-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Han seier: ¬«Er ikkje mine stormennkongar alle saman?

9. Gjekk det ikkje Kalno ¬som Karkemisj?Gjekk det ikkje Hamat ¬som Arpad,og Samaria som Damaskus?

10. Når mi hand har nått til ¬dei rikader dei dyrka andre gudar,og der det var fleire gudebileteenn i Jerusalem og Samaria,

11. skulle eg ikkje då ¬kunna gjera det samemed Jerusalem ¬og gudebileta dersom eg gjorde med Samaria ¬og gudane der?»

12. Men når Herren har fullført ¬alt sitt verkpå Sion-fjellet og i Jerusalem,då krev eg Assur-kongen ¬til rekneskapfor fylgjene ¬av hans hovmodige ferdog for trassen ¬i hans stolte augo.

13. For han har sagt:«Dette har eg gjort ¬med mi sterke hand,og i min visdom, for eg er klok.Eg sletta ut grenser ¬mellom folkeslagog plyndra skattane deira.I mitt velde ¬støytte eg fyrstar frå trona.

14. Mi hand greip etter rikdomen ¬åt folkasom ein grip etter eit fuglereir.Som ein samlar inn egg ¬når fuglen er flogen,har eg samla alle land på jorda.Det fanst ingen ¬som rørte ein vengeller opna nebben og peip.»

15. Briskar vel øksa seg ¬mot den som høgg,set saga seg over den ¬som sagar?Som om staven skulle svinga ¬han som lyfter han,og stokken lyfta han ¬som ikkje er av tre!

16. Difor skal Herren, ¬Allhærs Gud,senda tærande sjukdommellom assyrarkongens ¬sterke menn.Under all hans herlegdom ¬skal det kveikjast ein eld,og som eit bål skal han loga.

17. Israels ljos skal verta ein eld,Israels Heilage ein logesom brenn i landet hansog øyder både torn og tistelpå ein einaste dag.

18. Han skal gjera ende ¬på rubb og stubbi dei herlege skogane ¬og hagane hans.Det skal gå ¬som når ein sjuk tærest bort.

19. Dei tre som vert att i skogen,skal vera lette å telja;ein smågut kan skriva dei opp.

20. Den dagen skal Israels restog dei av Jakobs ætt ¬som er berga,ikkje lenger stø seg ¬til han som slo dei,men trufast stø segtil Herren, Israels Heilage.

21. Ein rest skal venda om, ¬ein rest av Jakob,til den veldige Gud.

22. For om folket ditt, Israel,var talrikt som havsens sand,skal berre ein rest venda om.Øyding er fastsett,ho velt fram med rettferd.

Jesaja 10