23. For Herren, Allhærs Gud,lèt den fastsette øydingkoma over all jorda.
24. Så seier Herren, Allhærs Gud:Mitt folk, du som bur på Sion,ver ikkje redd for Assurnår han slår deg med stokkenog lyfter staven sin mot deg,som dei gjorde i Egypt.
25. For om ei lita stunder harmen min slokna,og i min vreide ¬gjer eg ende på fienden.
26. Då skal Herren, Allhærs Gud,svinga ei svepe over dei,som då han slo Midjan ¬ved Orebs-berget.Han skal retta staven sin ¬ut over havetog lyfta han sameleis ¬som i Egypt.
27. Den dagen skal det hendaat han tek børa av akslene dineog åket av halsen din;åket skal brotna ¬for ditt aukande hold.
28. Fienden kjem over Ajjatog dreg gjennom Migron;han lèt etter seg ¬trenet i Mikmas.
29. Så fer dei over skaret:«I Geba gjev vi oss til ¬for natta!»Rama skjelv av redsle,folket rømer frå Sauls Gibea.
30. Skrik høgt, du Gallim-by!Lyd etter, Laisja, ¬gjev svar, Anatot!
31. Folket i Madmena flyr,i Gebim bergar dei seg unna.
32. Alt i dag vil fienden stå i Nobog svinga handa ¬mot Sion-fjellet,mot Jerusalems-høgda.
33. Sjå, Herren, Allhærs Gud,høgg greinene av ¬med skræmeleg kraft.Høge tre vert felte,røslege tre sig i bakken.
34. Den tjukke skogen ¬vert hoggen med øks,Libanon fell for Den Veldige.