21. Ein rest skal venda om, ¬ein rest av Jakob,til den veldige Gud.
22. For om folket ditt, Israel,var talrikt som havsens sand,skal berre ein rest venda om.Øyding er fastsett,ho velt fram med rettferd.
23. For Herren, Allhærs Gud,lèt den fastsette øydingkoma over all jorda.
24. Så seier Herren, Allhærs Gud:Mitt folk, du som bur på Sion,ver ikkje redd for Assurnår han slår deg med stokkenog lyfter staven sin mot deg,som dei gjorde i Egypt.
25. For om ei lita stunder harmen min slokna,og i min vreide ¬gjer eg ende på fienden.
26. Då skal Herren, Allhærs Gud,svinga ei svepe over dei,som då han slo Midjan ¬ved Orebs-berget.Han skal retta staven sin ¬ut over havetog lyfta han sameleis ¬som i Egypt.
27. Den dagen skal det hendaat han tek børa av akslene dineog åket av halsen din;åket skal brotna ¬for ditt aukande hold.