Jesaja 10:2-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Dei driv småkårsfolk bort ¬frå rettenog tek frå dei verjelause ¬i mitt folkdet dei har rett på.Enkjene gjer dei ¬til sitt hærfang,og farlause plyndrar dei.

3. Men kva vil de gjera ¬på rekneskapsdagen,når stormveret kjem ¬langt bortanfrå?Kven vil de fly til etter hjelp,og kvar vil de gjera ¬av rikdomen dykkar?

4. Då er det ingen annan utvegenn å siga i kne mellom fangareller å falla mellom dei drepne.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.

5. Ve Assur, mitt vreideris!Min harme er staven ¬i hans hand.

6. Eg sende han ¬mot eit gudlaust folk,baud han fara mot det folk ¬eg var harm på,så han kan røva ¬og rana og plyndraog trakka det ned ¬som avfall i gata.

7. Men han har ikkje meint det såog gjer seg ikkje slike tankar.Nei, til å øyda står hans hugog til å rydja ut mange folk.

8. Han seier: ¬«Er ikkje mine stormennkongar alle saman?

9. Gjekk det ikkje Kalno ¬som Karkemisj?Gjekk det ikkje Hamat ¬som Arpad,og Samaria som Damaskus?

10. Når mi hand har nått til ¬dei rikader dei dyrka andre gudar,og der det var fleire gudebileteenn i Jerusalem og Samaria,

11. skulle eg ikkje då ¬kunna gjera det samemed Jerusalem ¬og gudebileta dersom eg gjorde med Samaria ¬og gudane der?»

Jesaja 10