15. Briskar vel øksa seg ¬mot den som høgg,set saga seg over den ¬som sagar?Som om staven skulle svinga ¬han som lyfter han,og stokken lyfta han ¬som ikkje er av tre!
16. Difor skal Herren, ¬Allhærs Gud,senda tærande sjukdommellom assyrarkongens ¬sterke menn.Under all hans herlegdom ¬skal det kveikjast ein eld,og som eit bål skal han loga.
17. Israels ljos skal verta ein eld,Israels Heilage ein logesom brenn i landet hansog øyder både torn og tistelpå ein einaste dag.
18. Han skal gjera ende ¬på rubb og stubbi dei herlege skogane ¬og hagane hans.Det skal gå ¬som når ein sjuk tærest bort.
19. Dei tre som vert att i skogen,skal vera lette å telja;ein smågut kan skriva dei opp.
20. Den dagen skal Israels restog dei av Jakobs ætt ¬som er berga,ikkje lenger stø seg ¬til han som slo dei,men trufast stø segtil Herren, Israels Heilage.
21. Ein rest skal venda om, ¬ein rest av Jakob,til den veldige Gud.
22. For om folket ditt, Israel,var talrikt som havsens sand,skal berre ein rest venda om.Øyding er fastsett,ho velt fram med rettferd.
23. For Herren, Allhærs Gud,lèt den fastsette øydingkoma over all jorda.
24. Så seier Herren, Allhærs Gud:Mitt folk, du som bur på Sion,ver ikkje redd for Assurnår han slår deg med stokkenog lyfter staven sin mot deg,som dei gjorde i Egypt.
25. For om ei lita stunder harmen min slokna,og i min vreide ¬gjer eg ende på fienden.
26. Då skal Herren, Allhærs Gud,svinga ei svepe over dei,som då han slo Midjan ¬ved Orebs-berget.Han skal retta staven sin ¬ut over havetog lyfta han sameleis ¬som i Egypt.
27. Den dagen skal det hendaat han tek børa av akslene dineog åket av halsen din;åket skal brotna ¬for ditt aukande hold.
28. Fienden kjem over Ajjatog dreg gjennom Migron;han lèt etter seg ¬trenet i Mikmas.
29. Så fer dei over skaret:«I Geba gjev vi oss til ¬for natta!»Rama skjelv av redsle,folket rømer frå Sauls Gibea.
30. Skrik høgt, du Gallim-by!Lyd etter, Laisja, ¬gjev svar, Anatot!
31. Folket i Madmena flyr,i Gebim bergar dei seg unna.
32. Alt i dag vil fienden stå i Nobog svinga handa ¬mot Sion-fjellet,mot Jerusalems-høgda.