Jesaja 1:25-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Eg vil venda mi hand imot deg,reinsa ut ditt slagg som med lutog skilja ut alt ditt bly.

26. Så vil eg atter gje deg domararsom dei du hadde før,og rådgjevarar ¬som i den fyrste tid.Sidan skal du kallastRettferdsby og Truskapsstad.

27. Ved rett skal Sion løysast ut,ved rettferd dei som ¬vender om.

28. Men brotsmenn og syndarar ¬skal knusast,dei som vender seg frå Herren,skal gå til grunne.

29. Ja, de skal få skam av eikenesom de har slik hugnad i,og vanære ¬av dei heilage lundanesom de held så gjæve.

30. De skal verta ¬som ei eik med vise lauvog som ein hage utan vatn.

31. Den sterke skal verta til stryog hans verk til ein gneiste;begge skal brenna,og ingen sløkkjer.

Jesaja 1