Jesaja 1:22-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Sølvet ditt har vorte til slagg,vinen din er blanda med vatn.

23. Dine styresmenn er ¬opprørarar,dei held lag med tjuvar.Alle elskar dei muterog jagar etter gåver.Den farlause hjelper dei ikkje ¬til hans rett,og enkjers sak ¬tek dei seg ikkje av.

24. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud,Israels Veldige:Ve, eg vil sløkkja harmen minpå mine motstandararog hemna meg på mine ¬fiendar!

25. Eg vil venda mi hand imot deg,reinsa ut ditt slagg som med lutog skilja ut alt ditt bly.

26. Så vil eg atter gje deg domararsom dei du hadde før,og rådgjevarar ¬som i den fyrste tid.Sidan skal du kallastRettferdsby og Truskapsstad.

27. Ved rett skal Sion løysast ut,ved rettferd dei som ¬vender om.

Jesaja 1