Jesaja 1:1-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei syner som Jesaja, son til Amos, fekk om Juda og Jerusalem i den tida då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda.

2. Høyr, du himmel, ¬lyd etter, du jord!For Herren talar:Born har eg ale og fostra,men dei har sett seg ¬opp mot meg.

3. Ein okse kjenner sin ¬eigarmann,og eit esel krubba åt herren sin.Men Israel kjenner ingen ting,mitt folk er utan skjøn.

4. Ve det syndige folket,det skuldtyngde folket,ætlingar av illgjerdsmenn,søner som ber seg ille åt!Dei har gått bort frå Herren,vanvørdt Israels Heilageog snutt ryggen til han.

5. Kvi vil de ha endå meir slag,sidan de atter og atter fell frå?Kvart hovud er sårt,og kvart hjarta er sjukt.

6. Frå hovud til hæl ¬er ingenting heilt,berre flengjer og flerrer ¬og nyhogne sår,som ikkje er reinsa og fetlaog ikkje bløytte med olje.

7. Landet er ei øydemark,byane er brende,og framande et opp jordabeint framfor augo på dykk.Alt ligg i øyde,som når framande har herja.

8. Berre Sions dotter er attsom ei lauvhytte i ein vingard,som eit vaktarskjol ¬på ei agurkmark,som ein kringsett by.

9. Hadde ikkje Herren, ¬Allhærs Gud,late nokre av oss sleppa unna,då var vi som Sodoma,vi såg ut som Gomorra.

10. Høyr Herrens ord,de Sodoma-hovdingar!Lyd etter vår Guds lov,du Gomorra-folk!

11. Kva skal eg med alle dykkar ¬slaktoffer? seier Herren.Eg er mett av brennoffer ¬av verarog av feitt frå gjøkalvar.Og blod av oksar og lam ¬og bukkarhar eg ikkje hug på.

12. Når de kjem fram for mitt åsyn,kven krev då av dykkat de skal trakka ned ¬mine tempelgardar?

13. Kom ikkje meir ¬med gagnlause gåver!Offerrøyken er ein styggedom ¬for meg.Nymåne og sabbat, ¬lysing til stemner –eg toler ikkje vondskap ¬og høgtid saman.

14. Eg hatar dykkar nymånedagar ¬og høgtider.Dei har vorte meg ei bør,som eg er trøytt av å bera.

15. Når de breier ut hendene,gøymer eg augo mine for dykk.Kor mykje de bed,så høyrer eg ikkje.Hendene dykkar ¬er fulle av blod.

16. Vaska dykk, reinsa dykk!Få dykkar vonde gjerningarbort frå augo mine!Hald opp med å gjera ¬det som vondt er!

17. Lær å gjera godt,legg vinn på det som rett er!Vis valdsmannen ¬den vegen han skal gå,hjelp den farlause til hans rett,ta dykk av enkjers sak!

18. Kom, lat oss gjera opp vår sak! ¬seier Herren.Om syndene dykkar ¬er som purpur,skal dei verta kvite som snø;om dei er raude som skarlak,skal dei verta kvite som ull.

Jesaja 1