Jeremia 9:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud:Eg vil smelta dei og prøva dei.Kva kan eg elles gjera ¬for folket mitt?

8. Tunga deira er ei drepande pil,i munnen har dei ¬svikefulle ord.Dei talar venleg til nesten sin,men i tankane set dei feller ¬for han.

9. Skulle eg ikkje straffa dei ¬for slikt?lyder ordet frå Herren.Skulle eg ikkje hemna megpå slikt eit folk?

10. Eg set i med gråt ¬og klage over fjella,set i med klagesong ¬over beita på steppa.Dei er avsvidde, ¬så ingen ferdast der;det høyrest ingen ¬rautande buskap.Både fuglane under himmelen ¬og dyra på markahar rømt og er borte.

11. Eg gjer Jerusalem ¬til ei steinrøys,ein tilhaldsstad for sjakalar.Byane i Juda gjer eg til ei audn,der ingen kan bu.

12. Kven er så vis ¬at han skjønar detteog kan kunngjera ¬det Herren har tala til han?Kvifor er landet lagt i øyde,avsvidt som ei øydemark,så ingen ferdast der?

13. Herren svara:Fordi dei svikta mi lov,som eg la fram for dei,fordi dei ikkje lydde megog ikkje levde etter lova,

14. men fylgde sitt harde hjartaog heldt seg til Ba’al-gudane,som fedrane deira ¬hadde lært dei.

15. Difor seier Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:Eg lèt dette folket eta malurtog drikka giftig vatn.

16. Eg spreier dei ¬mellom folkeslagsom korkje dei ¬eller deira fedra kjende,og sender sverdet etter deitil eg får gjort ende på dei.

Jeremia 9