5. Dei svik kvarandre,og ingen talar sanning.Dei har vant si tunge ¬til å tala lygn,dei ber seg ille åt ¬og vil ikkje venda om.
6. Vald fylgjer på vald ¬og svik på svik,og meg vil dei ikkje ¬kjennast ved,lyder ordet frå Herren.
7. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud:Eg vil smelta dei og prøva dei.Kva kan eg elles gjera ¬for folket mitt?
8. Tunga deira er ei drepande pil,i munnen har dei ¬svikefulle ord.Dei talar venleg til nesten sin,men i tankane set dei feller ¬for han.
9. Skulle eg ikkje straffa dei ¬for slikt?lyder ordet frå Herren.Skulle eg ikkje hemna megpå slikt eit folk?