3. Dei spenner tunga ¬som ein boge.Ikkje på ærleg vis, ¬men med lygnhar dei vorte herrar i landet.Dei går frå vondskap ¬til vondskap,og meg kjenner dei ikkje,lyder ordet frå Herren.
4. Akta dykk for kvarandre,lit ikkje eingong på ein bror!Bror fer med list mot bror,ven går rundt og baktalar ven.
5. Dei svik kvarandre,og ingen talar sanning.Dei har vant si tunge ¬til å tala lygn,dei ber seg ille åt ¬og vil ikkje venda om.
6. Vald fylgjer på vald ¬og svik på svik,og meg vil dei ikkje ¬kjennast ved,lyder ordet frå Herren.
7. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud:Eg vil smelta dei og prøva dei.Kva kan eg elles gjera ¬for folket mitt?