2. og strøya dei ut for sola, månen og heile himmelhæren, som dei elska, dyrka og heldt seg til, og som dei spurde til råds, bøygde seg for og tilbad. Ingen skal samla og gravleggja dei; til gjødsel på marka skal dei verta.
3. Og dei skal velja døden framfor livet, alle som vert att av denne vonde ætta, på alle dei stader eg driv dei bort til, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
4. Du skal tala til dei: Så seier Herren:Kven er det som dett ¬og ikkje står opp,går bort og ikkje kjem att?
5. Kvifor skal folket ¬her i Jerusalematter og atter falla ifrå?Dei held fast på sitt svikog vil ikkje venda om.
6. Eg har lydt etter og høyrt.Det er ikkje sant, det dei seier.Det finst ingen som angrar ¬sin vondskap og seier:«Kva har eg gjort!»Alle renner dei vilt av stad,som ein hest stormar ¬fram i strid.