14. Kvifor sit vi i ro? Kom saman!Lat oss heller fara ¬inn i festningsbyaneog gå til grunne der!For Herren vår Gud ¬lèt oss gå til grunne,han lèt oss drikka giftig vatn;for vi har synda mot Herren.
15. Vi vona på fred og lukke,men det kjem ikkje noko godt;vi venta ei tid med lækjedom,men sjå, det er redsle som rår.
16. Lyden av fiendens ¬frøsande hestarhøyrest heilt til Dan.Når hingstane kneggjar,skjelv heile landet.Dei kjem og et opp landetog alt som i det er,byen og dei som der bur.
17. Ja, eg sender mot dykk ormar,eiterormar som ingen ¬kan mana bort.Dei skal bita dykk,lyder ordet frå Herren.
18. Eg er tyngd av ulækjande sorg,hjarta mitt er sjukt.
19. Høyr naudropet frå folket mittrundt ikring i landet!Er ikkje Herren på Sion,er ikkje byens konge der?Kvifor har dei harma megmed gudebileta sine,med framande gudar ¬som ingenting er?