Jeremia 7:23-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Men dette bodet var det eg gav dei: «Høyr på det eg seier, så vil eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.»

24. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Dei fylgde sine eigne tankar, sitt vonde, harde hjarta. Dei snudde ryggen til meg og ikkje andletet.

25. Alt frå den tid då fedrane dykkar fór ut or Egypt, og heilt til denne dag, har eg gong på gong, seint og tidleg, sendt alle mine tenarar, profetane, til dei.

26. Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyra til. Dei var stridlyndte og bar seg verre åt enn fedrane.

27. Om du seier alt dette til dei, vil dei ikkje høyra på deg; og om du ropar til dei, vil dei ikkje svara deg.

28. Då skal du seia til dei: «Dette er det folket som ikkje lydde Herren sin Gud og ikkje tok imot tukt. Det er slutt på ærlegdomen, han finst ikkje lenger i deira munn.»

29. Klypp det lange håret ditt og kast det bort! Set i med ein klagesong på dei snaue høgdene! For Herren har vraka og støytt frå seg den ætta som han er harm på.

30. Folket i Juda har gjort det som vondt er i mine augo, lyder ordet frå Herren. Dei har sett opp sine fæle gudebilete i det huset som ber mitt namn, og såleis gjort det ureint.

Jeremia 7