Jeremia 7:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:

2. Stig fram i porten til Herrens hus og rop ut denne bodskapen: Høyr Herrens ord, alle de judearar som går inn gjennom desse portane for å bøya dykk og tilbe Herren.

3. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykkar åtferd og gjerningar betrast, så skal eg la dykk bu på denne staden.

4. Set ikkje lit til lygnorda: «Her er Herrens tempel, Herrens tempel, Herrens tempel!»

5. Men om de lèt dykkar åtferd og gjerningar betrast, om de gjer rett mot kvarandre,

6. ikkje er harde med innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje renner ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje held dykk til andre gudar, til skade for dykk sjølve,

7. då vil eg for alle tider la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar i gamle dagar.

8. Men de lit på lygnord, som inkje gagnar.

9. Er det ikkje så at de stel, slår i hel, bryt ekteskapet og gjer rang eid, at de brenner offer for Ba’al og held dykk til andre gudar, som de ikkje kjenner?

10. Og så kjem de og stig fram for meg i dette huset som ber mitt namn, og seier: «Vi er frelste.» Og endå held de på med all denne styggedomen!

Jeremia 7