Jeremia 6:26-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Bind syrgjeplagg om deg, ¬mitt folk,og velt deg i støvet!Hald syrgjehøgtid ¬med bitter klagesom når einaste barnet døyr.For brått kjem herjaren ¬over dykk.

27. Eg har sett deg ¬til å prøva folket mittlik ein som prøver gull;du skal kjenna ¬og prøva deira ferd.

28. Trassige opprørarar er dei alle,dei går rundt og baktalar folk;dei er som bronse og jernog ber seg vondt åt, alle saman.

29. Belgen blæs,men blyet er urørt av elden.Det nyttar ikkje å smelta,dei vonde vert ikkje utskilde.

Jeremia 6