40. Eg fører dei til slakting ¬som lam,som verar og bukkar.
41. Å, at Sjesjak er slegen og teken,byen som var lovprist ¬på heile jorda!Å, at Babylon har vorteei skræmsle mellom folkeslaga!
42. Havet har stige ¬opp over Babylonia,og gøymt landet ¬med sine brusande bylgjer.
43. Byane der har vorte ei audn,eit turt og livlaust land.I dei held ingen til,ikkje eit menneske ferdast der.
44. Eg heimsøkjer Bel i Babylon;det som han har slukt,dreg eg ut or munnen hans.Folkeslag skal ikkje lengerkoma strøymande til han.Muren kring Babylon ¬er òg fallen.