Jeremia 51:38-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. Dei brøler alle som unge løverog knurrar som løveungar.

39. Når dei brenn av lyst,steller eg til eit drikkelag ¬for dei.Eg gjer dei så drukne ¬at dei sovnar;dei fell i ein evig svevn,som dei ikkje skal vakna or,lyder ordet frå Herren.

40. Eg fører dei til slakting ¬som lam,som verar og bukkar.

41. Å, at Sjesjak er slegen og teken,byen som var lovprist ¬på heile jorda!Å, at Babylon har vorteei skræmsle mellom folkeslaga!

42. Havet har stige ¬opp over Babylonia,og gøymt landet ¬med sine brusande bylgjer.

43. Byane der har vorte ei audn,eit turt og livlaust land.I dei held ingen til,ikkje eit menneske ferdast der.

44. Eg heimsøkjer Bel i Babylon;det som han har slukt,dreg eg ut or munnen hans.Folkeslag skal ikkje lengerkoma strøymande til han.Muren kring Babylon ¬er òg fallen.

45. Mitt folk, far ut or byen!Kvar og ein må berga livetfor Herrens brennande vreide.

46. Miss ikkje motet, ¬og ver ikkje reddenår rykte breier seg i landet,når det kjem éi tidend ¬det eine åretog ei anna året etter,når det rår vald og urett ¬på jorda,og herskar reiser seg ¬mot herskar.

Jeremia 51