Jeremia 51:33-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Ja, så seier Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:No liknar Babels dotterein treskjevoll ¬som er trakka hard.Det er berre ei lita stund,så kjem hausten for henne.

34. Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,har ete meg opp ¬og soge meg utog sett meg bort ¬som eit tomt kjerald.Han slukte meg ¬som eit sjøbeist,fylte sin buk ¬med mitt beste kjøtog slengde meg sidan bort.

35. Lat den urett og skade ¬eg har lide,koma over babylonarane!seier dei som bur i Sion.Lat dei som bur i Kaldea,få bøta for mitt liv!seier folket i Jerusalem.

36. Difor seier Herren:Sjå, eg fører di sakog fullfører hemnen for deg.Eg legg elva i Babylonia turrog turkar ut hennar kjelder.

37. Babylon skal verta ei steinrøys,ein tilhaldsstad for sjakalar,ein stad til skræmsle og spott,der ingen kan bu.

Jeremia 51