Jeremia 51:21-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Med deg knuser eg ¬hest og ryttar,knuser eg vogn og køyrekar.

22. Med deg knuser eg ¬mann og kvinne,knuser eg gamal og ung,knuser eg gut og jente.

23. Med deg knuser eg ¬gjætar og buskap,knuser eg bonden ¬og oksane hans,knuser eg statthaldarar ¬og styresmenn.

24. Men Babylon ¬og alle som bur i Kaldea,gjev eg att, ¬beint framfor augo dykkar,for alt det vonde ¬dei gjorde mot Sion,lyder ordet frå Herren.

25. Eg kjem mot deg, ¬du Tyningsfjell,som øydelegg heile jorda, ¬seier Herren.Eg retter ut handa mot deg,velter deg ned ¬frå fjellknausaneog gjer deg til eit utbrent berg.

26. Dei skal ikkje ta ein stein ¬ifrå degtil hjørnestein eller grunnmur.Ei evig audn skal du verta,lyder ordet frå Herren.

27. Lyft ei fane på jorda,blås i horn mellom folka,vigsla folkeslaga ¬til strid mot Babylonia!Kall saman kongerike ¬mot landet,Ararat, Minni og Asjkenas.Set ein hærførar over dei!Før fram hestar ¬som bustete grashopper!

28. Vigsla folkeslaga ¬til strid mot Babylonia,kongen og statthaldarane ¬i Media,alle styresmennene derog heile det landet ¬kongen rår over.

29. Jorda dirrar og skjelv,for no set Herren i verkdei planar han har ¬mot Babylonia:å gjera landet til ei øydemarkder ingen kan bu.

30. Krigarane i Babylon ¬har gjeve opp striden,dei sit i ro i borgene.Deira kraft er borte,dei har vorte som kvinner.Det er sett eld ¬på bustadene i byen,og bommane er brotne.

Jeremia 51