Jeremia 51:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Når han tornar, ¬brusar vatnet i himmelen,han lèt skyer stiga opp ¬frå enden av jorda,han lèt lyna blinka ¬og regnet fallaog sender vinden ¬frå hans opplagsrom.

17. Alle menneske er dumme ¬og uvituge.Kvar gullsmed må skjemmast ¬av sine gudebilete,dei støypte bileta hans er lygn,det er ikkje ånd i dei.

18. Gagnlause er dei, ¬eit verk til å spotta,i rekneskapsstunda ¬er det ute med dei.

19. Såleis er ikkje han ¬som er Jakobs del,for det er han som skaper alt.Israel er hans eiga ætt,Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

20. Du er min hamar, ¬mitt stridsvåpen.Med deg knuser eg folkeslag,øyder eg kongerike.

21. Med deg knuser eg ¬hest og ryttar,knuser eg vogn og køyrekar.

22. Med deg knuser eg ¬mann og kvinne,knuser eg gamal og ung,knuser eg gut og jente.

23. Med deg knuser eg ¬gjætar og buskap,knuser eg bonden ¬og oksane hans,knuser eg statthaldarar ¬og styresmenn.

24. Men Babylon ¬og alle som bur i Kaldea,gjev eg att, ¬beint framfor augo dykkar,for alt det vonde ¬dei gjorde mot Sion,lyder ordet frå Herren.

Jeremia 51