13. Du som bur ¬ved dei store elvaneog er så rik på skattar,no er enden komen for deg,din livstråd skal skjerast av.
14. Herren, Allhærs Gud,har svore ved seg sjølv:Eg skal fylla deg ¬med menneske,tallause som ¬ein grashoppesverm.Dei skal setja i med jubelrop ¬mot deg.
15. Herren skapte jorda ¬med si kraft,han grunnla fastlandet ¬i sin visdomog spente ut himmelen ¬med skjøn.
16. Når han tornar, ¬brusar vatnet i himmelen,han lèt skyer stiga opp ¬frå enden av jorda,han lèt lyna blinka ¬og regnet fallaog sender vinden ¬frå hans opplagsrom.
17. Alle menneske er dumme ¬og uvituge.Kvar gullsmed må skjemmast ¬av sine gudebilete,dei støypte bileta hans er lygn,det er ikkje ånd i dei.