1. Så seier Herren:Eg reiser ¬ein øydande stormmot Babylon ¬og dei som bur i Leb-Kamai.
2. Eg sender folk ¬til å spreia babylonarane,som når ein reinsar korn.Dei skal leggja landet i øydenår dei set på det frå alle kantarden dagen ulukka kjem.
3. Skyttaren skal ikkje ¬spenna bogenog ikkje briska seg i brynja.Spar ikkje dei unge mennene ¬i byen,bannstøyt heile hæren der!
4. Menn skal drepast ¬og falla i Kaldea,gjennombora ligg dei ¬på gatene.
5. Israel og Juda ¬er ikkje som enkjer,gløymde av sin Gud, ¬Herren, Allhærs Gud,endå landet deira ¬er fullt av skuldmot Israels Heilage.
6. Røm frå Babylon, ¬berga dykk alle!Miss ikkje livet ¬når byen får si straff.Dette er ei hemne-tid ¬for Herren;han gjev dei att ¬for det dei har gjort.
7. Babel var eit gullstaup ¬i Herrens handog gjorde heile verda drukken.Folkeslaga drakk av vinen,difor bar dei seg åt som galne.
8. Brått er Babel fallen og knust.Set i med klagerop over henne!Henta balsam for hennar sår,kanskje kan dei lækjast.
9. «Vi prøvde å lækja Babel,men det lét seg ikkje gjera.Lat henne liggja, så vi kan fara,kvar til sitt eige land.For domen over henne ¬når til himmelen,radt opp til skyene rekk han.»
10. Herren har synt ¬at vi var skuldlause.Kom, lat oss fortelja på Sionkva Herren vår Gud har gjort.
11. «Gjer pilene kvasse, ¬fyll pilehusa!»Herren har eggja ¬medarkongen;for han aktar ¬å øydeleggja Babylon.Det er Herrens hemn,han vil hemna sitt tempel.
12. Lyft fana mot Babylons murar,gjer vakthaldet sterkare,set ut vakterog legg nokre i bakhald!For Herren har tenkt ut ¬ein planog set i verk det han har talamot folket i Babylon.
13. Du som bur ¬ved dei store elvaneog er så rik på skattar,no er enden komen for deg,din livstråd skal skjerast av.