Jeremia 50:4-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. I dei dagar, når den tid kjem,lyder ordet frå Herren,skal Israels søner koma heimog Judas søner saman med dei.Gråtande skal dei gåog søkja Herren sin Gud.

5. Dei skal spørja etter vegen ¬til Sion,venda andletet hit og seia:«Kom, lat oss slutta oss ¬til Herreni ei evig pakt ¬som aldri skal gløymast!»

6. Mitt folk var ¬som bortkomne sauer;hyrdingane deira ¬hadde ført dei vilt,på avvegar i fjella.Dei gjekk over fjell og haugog gløymde ¬kvar dei skulle roa seg.

7. Alle som møtte dei, ¬ville sluka dei.Deira fiendar sa: ¬«Vi gjer ingen urett,for dei har synda mot Herren,som dei i sanning ¬kunne kvila hjå,og som fedrane sette si von til.»

8. Røm frå Babylonia,far bort frå Kaldearlandet,og gå som bukkar ¬framføre flokken.

9. For sjå, frå landet i nordvil eg samla store folk,eggja dei til stridog føra dei opp mot Babylon.Dei fylkar seg mot byenog tek han frå nord.Dei skyt sine piler ¬som ein dugande krigarsom aldri kjem tomhendt att.

10. Kaldearlandet vert til hærfang,alle som tek av det, ¬får det dei vil,lyder ordet frå Herren.

11. Ja, de kan vera glade og fegne,de som plyndra mitt arveland.Hopp som kalvar i graset,og knegg som sterke hestar.

12. No skal mor dykkar ¬skjemmast djupt,ho som fødde dykk, ¬vert til spott.Sjå, ho kjem sist mellom folka,ho vert som ei turr ¬og livlaus øydemark.

13. Fordi Herren er harm, ¬skal ingen bu der,heile landet skal vera ei audn.Alle som fer framom Babel,skal fæla og spotta når dei seralle dei sår ho har fått.

14. Fylk dykk, alle bogeskyttarar,gå mot Babylon ¬og kringset byen!Skyt mot han, ¬spar ikkje på pilene,for han har synda mot Herren.

15. Lyft hærrop mot byen ¬frå alle kantar!No må Babylon gje seg;støttene er falne ¬og murane rivne.Ja, dette er Herrens hemn.Ta berre hemn på byen,gjev han att ¬for det han har gjort!

16. Ryd ut or Babylonia ¬den som sår,og den som svingar sigd ¬om hausten!Frå det herjande sverdet ¬skal kvar og einvenda seg til sitt eige folkog røma til sitt eige land.

17. Israel var som ein bortjaga sau,som løver hadde drive på flukt.Fyrst åt Assur-kongen på han,og så har Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,gnege av beina.

18. Difor seier Herren,Allhærs Gud, Israels Gud:No vil eg krevja ¬babylonarkongenog landet hans til rekneskap,som eg gjorde ¬med assyrarkongen.

Jeremia 50