Jeremia 50:3-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. For eit folk frå nord ¬dreg fram mot landetog gjer det til ei øydemark,så ingen kan bu der;folk og fe rømer og fer bort.

4. I dei dagar, når den tid kjem,lyder ordet frå Herren,skal Israels søner koma heimog Judas søner saman med dei.Gråtande skal dei gåog søkja Herren sin Gud.

5. Dei skal spørja etter vegen ¬til Sion,venda andletet hit og seia:«Kom, lat oss slutta oss ¬til Herreni ei evig pakt ¬som aldri skal gløymast!»

6. Mitt folk var ¬som bortkomne sauer;hyrdingane deira ¬hadde ført dei vilt,på avvegar i fjella.Dei gjekk over fjell og haugog gløymde ¬kvar dei skulle roa seg.

7. Alle som møtte dei, ¬ville sluka dei.Deira fiendar sa: ¬«Vi gjer ingen urett,for dei har synda mot Herren,som dei i sanning ¬kunne kvila hjå,og som fedrane sette si von til.»

Jeremia 50