Jeremia 50:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er det ordet Herren tala gjennom profeten Jeremia om Babylonia, Kaldearlandet:

2. Forkynn mellom folka, ¬lat det høyrast,lyft fana og rop det ut!Døl ikkje noko, men sei:Babel er teke,Bel har vorte til skammar,og Marduk er vitskræmd.Gudebileta står der med skam,dei ufysne gudane er livredde.

3. For eit folk frå nord ¬dreg fram mot landetog gjer det til ei øydemark,så ingen kan bu der;folk og fe rømer og fer bort.

4. I dei dagar, når den tid kjem,lyder ordet frå Herren,skal Israels søner koma heimog Judas søner saman med dei.Gråtande skal dei gåog søkja Herren sin Gud.

5. Dei skal spørja etter vegen ¬til Sion,venda andletet hit og seia:«Kom, lat oss slutta oss ¬til Herreni ei evig pakt ¬som aldri skal gløymast!»

6. Mitt folk var ¬som bortkomne sauer;hyrdingane deira ¬hadde ført dei vilt,på avvegar i fjella.Dei gjekk over fjell og haugog gløymde ¬kvar dei skulle roa seg.

Jeremia 50