Jeremia 5:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Difor skal løva frå skogen ¬slå dei ned,steppeulven skal herja ¬mellom dei;attmed byane ligg leoparden ¬på lur,alle som går ut, vert rivne i hel.For deira brot er mange,gong på gong har dei falle frå.

7. Kvifor skulle eg tilgje deg?Sønene dine har gått bort ¬frå megog svore ved gudar ¬som ikkje er til.Eg gav dei det dei trong,men dei dreiv horog samla seg i horehuset.

8. Dei er som brunstige, ¬velfødde hestar,kvar mann kneggjar etter kona ¬til grannen.

9. Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette?lyder ordet frå Herren.Skulle eg ikkje hemna megpå eit såvore folk?

10. Stig opp på terrassane i byen,øydelegg dei, men ikkje heilt!Ta bort vinrankene der,for dei høyrer ikkje Herren til.

11. Ja, dei har vore trulause ¬mot meg,både Israels ætt og Judas ætt,lyder ordet frå Herren.

12. Dei fornektar Herren og seier:«Han gjer ingen ting.Ulukka kjem ikkje over oss,sverd og svolt skal vi ikkje sjå.

13. Profetane skal verta til vind;Herrens ord er ikkje i dei,difor skal det gå dei så.»

14. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud:Sidan de talar slike ord,gjer eg mine ord i din munn ¬til eldog dette folket til vedsom elden skal øyda.

15. No sender eg mot dykk, ¬Israels ætt,eit folk som kjem ¬langt bortanfrå,lyder ordet frå Herren.Det er eit folk ¬som ingen vinn over,eit folk frå gamal tid.Du kjenner ikkje språket deiraog skjønar ikkje kva dei seier.

16. Deira pilehus er ¬som ei open grav,kjemper er dei alle.

Jeremia 5