Jeremia 5:25-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Men fordi de har gjort vondt,har dette kome ut av lage;det er syndene dykkarsom held alt dette gode ¬borte frå dykk.

26. For det finst gudlause menn ¬i folket mitt.Dei ligg og lurersom når fuglefangarar ¬huker seg ned,set farlege snarer ¬og fangar menneske.

27. Som eit bur er fullt av fuglar,er husa deira fulle av svik.Difor har dei vorte store ¬og rike,

28. tjukke og feite er dei.Det fløymer over ¬med vonde ord.Dei dømer ikkje rett,tek seg ikkje av saka ¬åt farlause,så ho kan lukkast for dei,og syter ikkje for ¬at fattigfolk får sin rett.

29. Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette?lyder ordet frå Herren.Skulle eg ikkje hemna megpå eit såvore folk?

30. Det er fæle, ja, gruelege tingsom går føre seg i landet.

31. Profetane spår ved Lygna,prestane styrer og rår ¬som dei vil,og folket mitt likar det så.Men kva vil de gjeranår enden på dette kjem?

Jeremia 5