Jeremia 5:18-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Men jamvel i dei dagane, lyder ordet frå Herren, vil eg ikkje reint gjera ende på dykk.

19. Og når de spør: «Kvifor har Herren vår Gud gjort alt dette med oss?» skal du svara dei: «Liksom de gjekk bort frå meg og dyrka framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje høyrer dykk til.»

20. Kunngjer dette i Jakobs ætt,og rop det ut i Juda:

21. Høyr dette, du uvituge folksom ikkje eig skjøn,som har augo, men ikkje ser,og øyro, men ikkje høyrer.

22. Har de ikkje age for meg,skjelv de ikkje for mitt åsyn?lyder ordet frå Herren,eg som gav havet ¬ei sandstrand til grense,ein evig skipnad ¬det ikkje kan krenkja.Om det bryt på, ¬har det inga makt,om bylgjene brusar, ¬når dei ikkje over.

23. Men dette folket ¬er trassig og stridlyndt,dei har vike av og gått sin veg.

24. Dei seier ikkje med seg sjølve:«Lat oss ottast Herren vår Gud,han som sender regn i rette tid,både haustregn og vårregn,og syter for at vi kan hausta inni dei vekene ¬som er fastsette til det.»

25. Men fordi de har gjort vondt,har dette kome ut av lage;det er syndene dykkarsom held alt dette gode ¬borte frå dykk.

26. For det finst gudlause menn ¬i folket mitt.Dei ligg og lurersom når fuglefangarar ¬huker seg ned,set farlege snarer ¬og fangar menneske.

27. Som eit bur er fullt av fuglar,er husa deira fulle av svik.Difor har dei vorte store ¬og rike,

28. tjukke og feite er dei.Det fløymer over ¬med vonde ord.Dei dømer ikkje rett,tek seg ikkje av saka ¬åt farlause,så ho kan lukkast for dei,og syter ikkje for ¬at fattigfolk får sin rett.

29. Skulle eg ikkje krevja dei ¬til rekneskap for dette?lyder ordet frå Herren.Skulle eg ikkje hemna megpå eit såvore folk?

Jeremia 5