Jeremia 5:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Gå ikring i Jerusalems gaterog merk dykk det de ser,leita på torg og plassarom de finn einkvan,om det finst ein einaste ¬som gjer rettog legg vinn på truskap,så eg kan tilgje folket i byen.

2. Dei seier nok:«Så sant Herren lever»,men gjer likevel rang eid.

3. Herre, du ser då etter truskap.Om du slår dei,kjenner dei ikkje vondt,om du gjer ende på dei,lèt dei seg ikkje aga.Dei gjer andletet hardare ¬enn steinog vil ikkje venda om.

4. Eg tenkte:Det er berre småkårsfolk,dei ber seg åt som dårar;for dei kjenner ikkje ¬Herrens veg,den retten deira Gud krev.

5. No vil eg gå til dei storeog tala med dei,for dei kjenner Herrens veg,den retten deira Gud krev.Men dei har alle brote åketog slite sund lekkjene.

Jeremia 5