Jeremia 48:37-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

37. Kvart hovud er snauklypt,alt skjegg er avraka.Alle har rispa opp hendeneog har syrgjeplagg om hoftene.

38. I Moab lyder det berre klagepå alle tak og plassar.For eg har knust moabittanelik eit kjerald ¬som ingen bryr seg om,lyder ordet frå Herren.

39. Å, kor moabittane er knuste!Kor dei hyler!Skamfulle ¬har dei snutt ryggen til.No vert Moab ¬til spott og skræmslefor alle sine grannefolk.

40. Ja, så seier Herren:Sjå, som ei ørn ¬kjem fienden flygandeog breier vengene ut ¬over Moab.

41. Byane vert tekne, ¬festningane storma.Den dagen skal Moabs krigararvera til mote ¬som ei kvinne i barnsnaud.

42. Moabittane går til grunne ¬som folkfordi dei har hovmoda seg ¬mot Herren.

43. Det vert gru og grav og garnfor dykk som bur i Moab!lyder ordet frå Herren.

44. Den som rømer frå det grufulle,skal falla i grava,og den som kjem opp or grava,skal fangast i garnet.Ja, dette sender eg ¬over moabittanedet året eg krev dei ¬til rekneskap,lyder ordet frå Herren.

45. I skuggen av Hesjbonstår utmødde flyktningar.Men eld går ut frå Hesjbon,ein loge frå Sihons by.Han skal øyda Moabs tinningog skallen på dei som gjer bråk.

Jeremia 48