Jeremia 48:25-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Avhogge er Moabs horn,armen hans er broten, ¬seier Herren.

26. Gjer Moab drukken,for han har hovmoda seg ¬mot Herren.Så kan han liggja der og spyog vera til spott, han òg.

27. Eller heldt du ikkje Israel ¬for narr?Kanskje han var gripen ¬mellom tjuvar,sidan du rister på hovudetkvar gong du talar om han?

28. Far bort frå byaneog slå dykk ned i fjellet,de som bur i Moab!Gjer som dua, ¬ho byggjer seg reiri sidene av det gapande gjelet.

29. Vi har høyrt ¬kor kaute moabittane er,sjølvgode er dei,stolte og storlåtneog hovmodige i hug og hått.

30. Eg veit kor frekke dei er, ¬seier Herren,eg kjenner ¬det tome skrytet deira.Uærlege er dei i alt det dei gjer.

31. Difor jamrar eg over Moab,skrik for heile Moab skuldog sukkar over mennene ¬frå Kir-Heres.

Jeremia 48