Jeremia 48:2-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Det går ikkje gjetord ¬av moabittane meir.I Hesjbon la dei vonde planar ¬mot dei:«Kom, lat oss rydja dei ut ¬som folk!»Du òg skal tagna, Madmen,sverdet skal forfylgja deg.

3. Høyr klageropet frå ¬Horonajim,der er herjing ¬og stor øydelegging.

4. Moab har brote saman,borna der set i og skrik.

5. Ja, oppover bakken til Luhitgår folk og græt.På vegen ned mot Horonajimhøyrest det skrik ¬over samanbrotet:

6. «Røm, så de kan berga livet!»Men de vert som ein busk ¬i øydemarka.

7. Fordi du leit på ditt gods ¬og dine skattar,skal du òg verta teken.Kamosj må fara i fangenskapog hans prestar og hovdingar ¬med han.

8. Over kvar by ¬kjem det ein herjar,ikkje ein by slepp unna.Dalen skal herjastog høgsletta leggjast i øyde,så som Herren har sagt.

9. Gjev moabittane venger,for dei skal av stad i bråhast.Byane i landet skal verta aude,og ingen skal bu i dei.

10. Forbanna vere densom forsømer å gjera ¬Herrens verk!Forbanna vere densom held sitt sverd frå blod!

11. Moab var trygg ¬frå ungdomen av,låg roleg som vin på sin berme,vart ikkje tappa frå fat til fat– laut aldri fara i fangenskap.Difor har han halde på smaken,angen av han ¬er den same som før.

12. Men sjå, dagar skal koma,lyder ordet frå Herren,då eg sender vintapparar ¬til han.Dei skal tappa han om ¬og tøma fataog slå krukkene i knas.

13. Då skal Moab skjemmast ¬av Kamosjliksom Israel laut skjemmast ¬av Betel,som dei sette si lit til.

14. Korleis kan de seia:«Vi er krigarar ¬og djerve stridsmenn»?

15. Moab skal herjast,fienden fer opp mot hans byar,og den beste ungdomen ¬vert slakta ned,lyder ordet frå Kongen,– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

16. Moabs undergang er nær,i ei bråhast ¬kjem ulukka over han.

17. Ha medkjensle med han,alle grannefolk ikring,alle de som kjenner ¬hans namn.Sei: «Å, at han er broten,den sterke stav, ¬det herlege septer!»

18. Stig ned frå ditt æresete, ¬set deg i støvet,du Dibons dotter ¬som bur i byen.For han som skal herja Moab,fer opp imot degog øydelegg dine ¬festningsverk.

Jeremia 48