Jeremia 48:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Om Moab.Så seier Herren, Allhærs Gud, ¬Israels Gud:Ve Nebo! Byen er øydd.Kirjatajim er teke og vanæra,borga har vorte ¬til skam og skræmsle.

2. Det går ikkje gjetord ¬av moabittane meir.I Hesjbon la dei vonde planar ¬mot dei:«Kom, lat oss rydja dei ut ¬som folk!»Du òg skal tagna, Madmen,sverdet skal forfylgja deg.

3. Høyr klageropet frå ¬Horonajim,der er herjing ¬og stor øydelegging.

4. Moab har brote saman,borna der set i og skrik.

5. Ja, oppover bakken til Luhitgår folk og græt.På vegen ned mot Horonajimhøyrest det skrik ¬over samanbrotet:

6. «Røm, så de kan berga livet!»Men de vert som ein busk ¬i øydemarka.

7. Fordi du leit på ditt gods ¬og dine skattar,skal du òg verta teken.Kamosj må fara i fangenskapog hans prestar og hovdingar ¬med han.

8. Over kvar by ¬kjem det ein herjar,ikkje ein by slepp unna.Dalen skal herjastog høgsletta leggjast i øyde,så som Herren har sagt.

Jeremia 48