Jeremia 47:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistarane, før farao slo Gasa.

2. Så seier Herren:Sjå, vatnet stig frå nordog vert til ei fløymande elv;ho renn ut over landet ¬og alt som i det er,byane og dei som der bur.Menneska klagar og skrik,alle som bur i landet, jamrar

3. når dei høyrer hovslag ¬av sterke hestar,vogner som ramlar ¬og hjul som dundrar.Fedrane ser ikkje etter borna,hendene deira er som lame.

4. For dagen er komendå filistarane ¬skal gå heilt til grunne.I Tyrus og Sidon ¬vert dei utrudde allesom slapp unna ¬og kunne hjelpa.For Herren gjer ende ¬på filistarane,dei som er att ¬av folket frå Kaftor-øya.

Jeremia 47