28. Berre nokre få som slepp unna sverdet, skal koma heim att til Juda frå Egypt. Då skal resten av judearane som fór til Egypt og slo seg ned der, få vita kven som har rett, dei eller eg.
29. Og dette, seier Herren, skal de ha til teikn på at eg vil krevja dykk til rekneskap på denne staden. Så kan de skjøna at dei står ved lag, dei ulukkeorda eg har tala mot dykk.
30. Så seier Herren: Sjå, eg gjev farao Hofra, egyptarkongen, i hendene på fiendane hans, på dei som står han etter livet, liksom eg gav Juda-kongen Sidkia i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, som var fienden hans og stod han etter livet.