22. Han kunne ikkje lenger tola at de bar dykk så ille åt og fór med slik styggedom. Difor vart landet dykkar ei audn, ei øydemark og ei forbanning, så ingen kunne bu der, så som det er i dag.
23. Fordi de ofra og såleis synda mot Herren, fordi de ikkje ville høyra på han og ikkje fylgde hans lov og føreskrifter og bod, har denne ulukka kome over dykk, som ein kan sjå det i dag.
24. Sidan sa Jeremia til alt folket og til alle kvinnene: Høyr Herrens ord, alle de judearar som er i Egypt!
25. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: De og kvinnene dykkar har lova med ord og fullført i gjerning det som de sa: «Vi vil halda dei heilage lovnadene vi har gjeve om å ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne.» Ja, hald berre lovnadene dykkar, og gjer som de har lova!
26. Men høyr då Herrens ord, alle de judearar som bur i Egypt: Eg har svore ved mitt store namn, seier Herren: I heile Egypt skal det ikkje vera att ein einaste judear som kan ta namnet mitt i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!»
27. Sjå, eg vaker over dei og vil senda ulukke og ikkje lukke. Kvar einaste judear i Egypt skal koma ut for sverd og svolt, til det er ute med dei.