13. Eg vil straffa dei som bur i Egypt, på same måten som eg straffa Jerusalem, med sverd og svolt og pest.
14. Ikkje ein einaste av dei judearane som var att, og som kom til Egypt for å slå seg ned der, skal berga seg unna og sleppa frå det; dei skal ikkje koma heim att til Juda. Dei skal lengta etter å venda tilbake og busetja seg der, men ingen skal koma heim att, så nær som nokre få flyktningar.
15. Då tok dei til ords mot Jeremia, alle mennene som visste at kvinnene deira brende offer for andre gudar, like eins alle kvinnene som stod der i ein stor flokk, og alt folket som budde i Egypt, i Patros. Dei sa:
16. «Det ordet du har tala til oss i Herrens namn, vil vi ikkje høyra på.
17. Nei, vi vil gjera alt det vi har lova: ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne, så som vi og fedrane våre, kongane og stormennene våre gjorde i byane i Juda og på gatene i Jerusalem. Då hadde vi brød nok; vi var lukkelege og opplevde ikkje noko vondt.
18. Men sidan vi heldt opp med å ofra til Himmeldronninga og renna ut drikkoffer for henne, har det skorta på alt; sverd og svolt gjer ende på oss.»
19. Og kvinnene sa: «Når vi ofrar til Himmeldronninga og renner ut drikkoffer for henne, er det vel ikkje utan våre menns vitende og vilje vi lagar offerkaker i hennar eige bilete og renner ut drikkoffer for henne?»
20. Då sa Jeremia til alt folket, til mennene og kvinnene, alle som hadde teke til motmæle mot han:
21. Herren kom i hug dei ofringane de dreiv på med i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, både de og fedrane dykkar, kongane og stormennene dykkar og folket i landet, og det gjekk Herren til hjarta.
22. Han kunne ikkje lenger tola at de bar dykk så ille åt og fór med slik styggedom. Difor vart landet dykkar ei audn, ei øydemark og ei forbanning, så ingen kunne bu der, så som det er i dag.
23. Fordi de ofra og såleis synda mot Herren, fordi de ikkje ville høyra på han og ikkje fylgde hans lov og føreskrifter og bod, har denne ulukka kome over dykk, som ein kan sjå det i dag.
24. Sidan sa Jeremia til alt folket og til alle kvinnene: Høyr Herrens ord, alle de judearar som er i Egypt!