1. Dette er det ordet som kom til Jeremia om alle judearane som budde i Egypt, i Migdol, Takpanhes, Nof og Patros:
2. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: De har sjølve sett all den ulukka eg lét koma over Jerusalem og alle byane i Juda. I dag ligg dei aude, og ingen bur i dei.
3. For dei harma meg med det vonde dei gjorde då dei gjekk bort og brende offer og dyrka andre gudar, som korkje dei eller de eller fedrane dykkar hadde kjent.
4. Gong på gong sende eg til dykk alle tenarane mine, profetane. Dei skulle seia: «Far ikkje med denne styggedomen som eg hatar!»