Jeremia 42:1-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kom alle hærførarane og Johanan, son til Kareah, og Asarja, son til Hosjaja, og heile folket, både høg og låg,

2. og sa til profeten Jeremia: «Lat oss få koma til deg med vår audmjuke bøn! Bed for oss til Herren din Gud, for alle som er att! Som du ser oss her, er vi då berre nokre få att av mange.

3. Bed om at Herren din Gud må seia oss kva veg vi skal gå, og kva vi skal gjera.»

4. Profeten Jeremia svara dei: «Ja vel, eg skal be til Herren dykkar Gud, så som de seier. Og alt det Herren svarar, skal eg kunngjera dykk og ikkje halda att eit ord.»

5. Då sa dei til Jeremia: «Gjev Herren må vera eit sant og truverdig vitne mot oss om vi ikkje heilt og fullt fylgjer det ordet som Herren din Gud sender oss gjennom deg.

6. Anten det er godt eller vondt, vil vi lyda Herren vår Gud, som vi sender deg til, så det må gå oss vel når vi høyrer på det som Herren vår Gud seier.»

7. Ti dagar etter kom Herrens ord til Jeremia.

8. Då kalla han til seg Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, og heile folket, både høg og låg,

9. og sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud, som de sende meg til så dykkar audmjuke bøn kunne koma fram for han:

10. Dersom de vert verande her i landet, vil eg byggja dykk opp og ikkje riva ned, planta dykk og ikkje rykkja opp. Eg er full av sorg over den ulukka eg har ført over dykk.

11. Ver ikkje redde for babylonarkongen, som de no ottast. Ver ikkje redde for han! lyder ordet frå Herren. For eg er med dykk; eg vil berga dykk og fria dykk ut or hendene hans.

12. Eg skal syna medkjensle med dykk, så han miskunnar seg over dykk og lèt dykk koma heim att til dykkar eige land.

13. Men så kan det henda at de ikkje vil lyda Herren dykkar Gud og seier: «Vi vil ikkje bu i dette landet.

14. Nei, vi vil fara til Egypt, så vi skal sleppa å koma ut for krig, høyra lyden av horn og hungra etter brød. Der vil vi bu.»

15. Gjer de det, så høyr Herrens ord, de som er att av Juda! Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Set de dykk føre å fara til Egypt og slå dykk ned som innflyttarar der,

16. skal sverdet som de reddast, nå dykk der i landet, og svolten som de syter for, skal fylgja dykk i hælane, og i Egypt skal de døy.

17. Alle menn som har sett seg føre å fara til Egypt og busetja seg der, skal døy for sverd og svolt og pest. Ingen av dei skal koma unna og sleppa frå den ulukka eg sender over dei.

Jeremia 42