Jeremia 41:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men i den sjuande månaden kom Ismael, son til Netanja Elisjamason, med ti mann til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa. Ismael høyrde kongsætta til og var ein av kongens offiserar. Medan dei sat der og åt saman,

2. fór Ismael, son til Netanja, opp saman med dei ti mennene som var med han, og hogg Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, ned med sverd. Dei drap han som babylonarkongen hadde sett til å styra landet,

3. alle judearane som var hjå Gedalja i Mispa, og dei kaldearane som fanst der, alle krigarane.

4. Dagen etter at Gedalja var drepen, før nokon visste om det,

5. kom det åtti menn frå Sikem, Sjilo og Samaria. Dei hadde raka av seg skjegget, rive sund kleda og rispa seg opp i huda. Dei hadde med seg grødeoffer og røykjelse som dei skulle bera fram i Herrens hus.

Jeremia 41