1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren etter at Nebusaradan, hovdingen over livvakta, hadde sleppt han fri i Rama. Han hadde henta han medan han var bunden med lekkjer mellom alle fangane frå Jerusalem og Juda som skulle førast bort til Babylonia.
2. Då livvakthovdingen henta Jeremia, sa han til han: «Herren din Gud har varsla den ulukka som kom over denne staden.
3. Og Herren gjorde som han hadde sagt. Han sende ulukka, fordi de synda mot Herren og ikkje ville høyra på han. Difor har dette hendt dykk.
4. I dag løyser eg lekkjene som hendene dine er bundne med. Vil du, kan du vera med meg til Babylon, og der skal eg ha tilsyn med deg. Men er du ikkje huga på å vera med, kan du la vera. Sjå, heile landet ligg ope for deg, og du kan gå der du synest det er best.»
5. Då Jeremia ikkje svara, heldt Nebusaradan fram: «Så vend tilbake til Gedalja, son til Ahikam Sjafansson, som babylonarkongen har sett til styresmann over byane i Juda. Du kan bu hjå han mellom folket der eller gå der du helst vil.» Så gav livvakthovdingen han niste og gåver og lét han gå.
6. Jeremia fór til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa og vart buande hjå han, mellom dei som var att i landet.
7. Alle hærførarane som var spreidde kringom i landet, og mennene deira fekk høyra at babylonarkongen hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til å styra i landet; han hadde sett han over menn, kvinner og born og over den delen av småkårsfolket i landet som ikkje var bortført til Babylonia.
8. Hærførarane kom då med mennene sine til Gedalja i Mispa: Ismael, son til Netanja, Johanan og Jonatan, sønene til Kareah, Seraja, son til Tanhumet, sønene til Efai frå Netofa og Jesanja, son til ma’akatitten.